Til forsida Til artikkeloversikten Om hjørnet

Tenk deg om, Navarsete

av Ebba Wergeland

publisert i Klassekampen 16. januar 2010


Senterpartileiaren skriv at det er eit paradoks at vi er rikast i verda, men har det høgaste sjukefråværet (Klassekampen 9. januar).

Eg er lei av å høyra om dette såkalla paradokset. Regjeringa Brundtland fann det på da dei starta jakta på sjukelønsordninga i 1990. Sidan har mange sagt det same. Nokre av vankunne, andre fordi dei vil ha oss til å mistru den sjukmelde naboen vår. For bodskapen som ligg bak er jo at vi må ha verdas dårlegaste arbeidsmoral: vi er friske og samstundes sjukmelde. Alle partia køyrer same leksa, med Siv Jensen i spiss: førebels full støtte til sjukelønsordninga, men samstundes prøvar dei på ulike vis å få deg til å mistru den sjukmelde naboen din. I neste runde tek dei sjukelønsordninga likevel.

Navarsete er vel ingen medviten demagog, men vankunnig er ho. For det er slett ikkje noko paradoks at god folkehelse og høgt fråvær heng saman, nett som dårleg folkehelse og lågt fråvær gjer det. Samfunn som satsar på sosial rettferd får god folkehelse og høgt sjukefråvær. Sjukefråværet måler ikkje helsa i befolkninga. Sjukefråværet fortel berre om dei som er i arbeid, og kva dei gjer når dei vert sjuke. Det fortel om sjukeløn og tilsettingstryggleik. Sjukelønsordninga frå 1978 gjer det mogeleg for sjuke å vera heime frå arbeid, sjølv dei som har dårleg råd. I 1978 la Stortinget vekt på at det ikkje skulle vera eigenrisiko knytt til ordninga. For sjukefråvær var noko ein vanlegvis ikkje kunne rå for. Dagens storting tenkjer heilt annleis.

Navarsete er bekymra for sjukefråværet. Den vesle auken i fråværsprosent det siste året speglar konjunkturar og sysselsetting og burde ikkje bekymra nokon. Var det betre om folk gjekk arbeidslause eller uføretrygda? Sjukelønsutgiftene er prisen for inkludering. I nokre delar av arbeidslivet kunne dei faktisk vore enda høgare, om vi fekk sjukenærværet ned. Kvifor bekymrar ikkje Navarsete seg sjukenærværet, for alle dei som går på jobb sjølv om dei er sjuke, og sjølv om sjukeløna er god? Dei går av omsyn til pasientar, klientar, elevar – og arbeidskameratar. Låg grunnbemanning og manglande vikarbudsjett gjer at til dømes kommunal sektor ville bryta saman om ikkje folk gjekk på jobb når dei var sjuke. Det er ikkje bra for folkehelsa, og det aukar faren for slitasjeskadar og overarbeid. Men stortingspolitikarane ser berre sjukefråværet, og skjønar ikkje samanhengane mellom sjukefråvær, sjukenærvær og utstøyting. Det bekymrar meg.